Voxing vart danna i 1988 av ein gjeng som tidlegare song i Star Sing. Som dei fleste kan forstå, vart det for hardt å greie seg utan kor, og vanskeleg å finne Ten-sing stilen blant vaksnekora som allereie eksistert. Løysinga vart "eige" kor med dirigent og primus motor Sigurd Eriksen.

Voxing ynskjer å formidle den kristne bodskapen i ein frisk stil. Repertoaret er likevel rikhaldig innan dei fleste sjangrar. Vi syng m.a.viser, jazz, rock, salmar, gospel og svært mykje av det er komponert og/eller arrangert av dirigenten vår, Håvard Sveås. Vi er knytt til KFUK/KFUM, og har øvingsstad på Borgund vgs i Spjelkavika. 

Etterkvart har det kome til - og falle frå - medlemar, og vi er no ca 40 medlemar i det ein må kalle ei normalfordeling for blanda kor; ca 1/3 menn og resten damer! Det trengst sangglede - og litt vilje til å gå på øving etter ein lang onsdag, men vi garanterer at du går heim med fornya energi! 
Ta kontakt via epost om du er interessert. (Sjå peikaren "Kontakt oss" for meir informasjon.)