OM OSS

Voxing på sommeravslutning på Hildre (Foto: Erik Valderhaug)
Voxing på sommeravslutning på Hildre (Foto: Erik Valderhaug)

Voxing vart danna i 1988 av ein gjeng som tidlegare song i Star Sing. Som dei fleste kan forstå, vart det for hardt å greie seg utan kor, og vanskeleg å finne Ten-sing stilen blant vaksnekora som allereie eksistert. Løysinga vart "eige" kor med dirigent og primus motor Sigurd Eriksen.

Voxing ynskjer å formidle den kristne bodskapen i ein frisk stil. Det meste vi syng er gospel, men vi meistrar godt andre stilar òg. Vi har blant anna mykje som er komponert og/eller arrangert av dirigenten vår, Håvard Sveås. Vi er knytt til KFUK/KFUM, og har øvingsstad på Borgund vgs i Spjelkavika.

Etterkvart har det kome til - og falle frå - medlemar, og vi er no ca 40 medlemar i det ein må kalle ei normalfordeling for blanda kor; ca 1/3 menn og resten damer! Det trengst sangglede - og litt vilje til å gå på øving etter ein lang onsdag, men vi garanterer at du går heim med fornya energi!
Ta kontakt via epost om du er interessert. (Sjå peikaren "Kontakt oss" for meir informasjon.)

david.jpg
Voxing ynskjer å formidle den kristne bodskapen i ein frisk stil. Det meste vi syng er gospel, men vi meistrar godt andre stilar òg.
bilder/lydkjelleren gul firkant.jpg
SM_REGNSKAP2.JPG
haavard.jpg