Førebels semesterpla hausten 2014

* Semesterstart 20. august.
* Konsert i Langevåg kirke 21. september
* Høstferie 8. oktober (?)
* Synge på gudstjenester i Langevåg kirke 19. oktober og 7. desember
* Delta på konsert i Spjelkavik kirke 2. november
* Siste øvelse før jul: 3. desember.

Julekonsertar med Rein Alexander og Elisabeth Andreassen i Molde og Ålesund.

Den 10 desember 2008 var Voxing med på julekonsert i Molde Domkirke. Det som skulle vore ein konsert har vorte til to alle stader der Rein og Elisabeth skal synge. Første konserten på Molde var utselt, og på den andre var der fullt.

Den 11. desember stod Ålesund kirke for tur med konsert klokka 18 og 21. Her var det fullt på første, og stappfullt på andre konsert.

Felles for alle fire konsertane var vel halvannan time med god sang og musikk frå artistar som ynskjer å gi ei god oppleving til sitt publikum!

Voxing var med på siste del av konsertane, og som publikum i salen på første del av konsertane i Molde hadde vi ei god oppleving. Det hadde vi også i samarbeidet med Rein og Elisabeth.

Vi hadde ei eiga avdeling der vi sang 2 songar: "Et barn er født i Betlehem" i eit arrangement av Bjørn Ole Rasch og Håvard Sveås, med Audhild Haddal Holsvik som solist, og "Marias song" -  tekst, melodi, arrangement og solo: Håvard Sveås!

Deretter var vi med på "Ave verum corpus" som denne gongen vart presenter først med latinsk tekst av Rein og så med svensk tekst av Elisabeth.

Å få synge med Elisabeth Andreassen på "Gabriellas sång" var stort! Den var inderlig og frå hjertet.

Vi var også med på "O, helga natt", før konsertane vart avslutta med "Deilig er jorden" som allsang.

Det å få vere med og gi publikum ei oppleving, og kanskje også litt ettertanke førjulstida, er ein del av gleda ved å synge i Voxing!

Vi ynskjer alle ei fredfull jul.

Urframføring av David!

 

Helga 12. og 13. februar 2005 var det urframføring av musikalen David. Vår eminente dirigent Håvard Sveås er komponist, arrangør og tekstforfattar. Medvirkane var Voxing, Indre Strøk, Heine Totland og band.

"Vakkert og storslagent om David

Urframføringen av konsertmusikalen «David» ble en storslagen musikalsk opplevelse. Den kjente Bibelskikkelsens dramatiske liv ble flott skildret av solister, kor, strykeorkester og band. Stående applaus fra en fullsatt kirke varte fortjent lenge etter at de siste kraftfulle tonene ble spilt og sunget."

Resten av Sunnmørsposten sin omtalen frå konserten finn du på her

Konserthelg med Anne Marte og Connected

Konserthelg med Connected og Anne Marte Slinning i Ålesund og på Hareid. Eit kjekt og inspirerande samarbeid :-)

Litt anna småsnacks


Oppsetjing av Young Messiah med plateinnspeling


Konsertar med blant anna: Bukkene Bruse, Sigvart Dagsland, Bjørn Eidsvåg, Ola Bremnes

 
david.jpg
Voxing ynskjer å formidle den kristne bodskapen i ein frisk stil. Det meste vi syng er gospel, men vi meistrar godt andre stilar òg.
bilder/lydkjelleren gul firkant.jpg
SM_REGNSKAP2.JPG
haavard.jpg